Har du eit godt hovud for innkjøp og prognosar?

Encon er ein totalleverandør til storhushaldningsmarknaden innan mat, drikke og non-food. Vi er lokalisert i moderne lokale på Voss og består av 24 kompetente medarbeidarar som sikrar komplett leveranse til avtalt tid og stad i heile Vestland. Nærleik til marknaden, god service og eit breitt sortiment kjenneteiknar selskapet.

Encon vart grunnlagt i 1972, og er i dag leverandør til mellom anna hotell, restaurantar, idrettslag, sjukeheimar, skular med meir. Vi er Miljøfyrtårn, Debio-sertifisert og medlem i Grønt Punkt.

Er du dyktig på å sjå trendar i marknaden, gjennomføre og forstå prognosar/analysar, og gjere rett mengde innkjøp til rett tid?
Motiverast du av ansvar og vil jobbe i ei sentral stilling med høg grad av sjølvbestemming?
Då oppmodar vi deg til å lese vidare!

I samarbeid med Dreamwork søkjer Encon no etter ein kategoriansvarleg for frukt og grønt for å styrkje satsingsområdet i fast heiltidsstilling på Voss.
I Encon vil du finne eit inkluderande miljø og ei smeltedigel av ulike nasjonalitetar og personlegdomstypar.
Vi legg vekt på høg trivsel, og uavhengig av kva avdeling du er tilsett i, ønskjer vi høgt initiativ til deltaking utanfor eigen avdeling når det trengst.

I stillinga ser vi etter deg som evnar å planleggje framover, sjå trendar i marknaden med utgangspunkt i fjorårets tal på varebestillingar, men også tenkje nytt og føreseie trendar og etterspurnad i marknaden.
Grunnleggjande forståing for økonomi, vareflyt og logistikk vil også vere ein føresetnad for å prestere godt i stillinga.

Så lenge du har noko å vise til kvifor du vil meistre oppgåvene, så prøver vi å tenkje breitt med tanke på kva bakgrunn du har frå før.
Tilflyttarar ønskjast naturlegvis også velkomne til vakre Voss!

Vi tilbyr:

  • Ei sentral stilling hos ein leiande totalleverandør i Vestland.
  • Høg grad av sjølvbestemmingsrett og myndigheit innan ditt ansvarsområde.
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
  • Eit breitt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Gode løns- og arbeidsvilkår, inkludert ulike bonusar, 4% pensjon mm.

Arbeidsoppgåver:

  • Kvalitetskontroll, oversikt på logistikk og sikring av rett leveranse til rett tid.
  • Marknadsanalysar og prognosar.
  • Overvake kvalitet på frukt og grønsaker gjennom heile distribusjonsprosessen, frå innkjøp til levering til kundar.
  • Kontakt med kundar for oppfølging og tilbakemeldingar.
  • Bidra med gode haldningar, godt humør og eit godt arbeidsmiljø!

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring og evner til å føreseie trendar og gjere rett mengde innkjøp til rett tid.
  • Erfaring med frukt og grønsaker eller liknande varer er positivt, men ikkje eit krav.
  • Grunnleggjande forståing for økonomi, vareflyt og logistikk.
  • Generelt gode IT-kunnskapar, erfaring med Microsoft Dynamics eller lagerstyringsverktøy er positivt, men ikkje eit krav.
  • Forståing for mattryggleik og hygienestandardar.

Personlege eigenskapar:

  • Du er strukturert, effektiv, ansvarsbevisst og løysingsorientert.
  • Dyktig på kundesamband og kommunikasjon.
  • Fleksibilitet og tilpassingsdyktigheit.
  • Fokus på kontinuerleg forbetring for å gi kunden best mogleg oppleving av våre produkt.
  • Bidreg med støtte og inspirasjon til andre kollegaer.

Høyrdest dette spennande ut? Vi ser fram til å motta din søknad, og vurderer søknader fortløpande!

    • Innkjøp /
    • Markedsanalyse /
    • Prognose /
    • Dagligvare /
    • Lageranalyse /
    • Lagerlogistikk /
    • Kundebehandling /
    • Administrasjon /